Par i Hjerter..

Par i Hjerter..

onsdag 3. mars 2010

Min Versjon av den svenske OL hua...



Eg har som mange andre blitt veldig gla i den flotte hua svenskane hadde under OL. Eg har prøvd å lage den men blei ikkje fornøgd før ved 3. forsøk. Prøvde først men for tynn tråd og hekla kun med fastmaska... men den ligna ikkje i det heile tatt.... Forsøk nr. 2 var sånn passe då også med fastmaska. Gjekk så over til halvstava og då vart eg rett so fornøgd:) Eg har ikkje kunna å hekle men det har eg altså lært meg no og det er veldig kjekt!!


Legg ved ei bilde og sei berre i frå om du vil eg skal sende oppskrift til deg. Heklar den også gjerne på bestilling:)


tirsdag 23. februar 2010

Morgenstund har gull i munn...

Det er faktisk sant. Dei gongane eg klare å få føttene ut av senga tidleg får eg mykje meir ut av dagen enn når eg søv meg litt frampå. Skal ta ein eksamen neste veke og kjenner at det stressar meg. Men når eg får starte lesinga fra morgenen av over ein god kopp kaffi med ein skvett kanel i så er det ikkje so verst alikevel:)

Innimellom lesinga prøver eg å finne ut av denne bloggen min. Korleis får eg lagt til feks. ein tellar der eg ser kor mange som er innom. Om nokon kan gi meg eit hint om det hadde vore kjekt.

Jepp nei tilbake til lesinga! Men la det vere sagt, det er "nauta" godt og sove litt frampå av og til også! Ha ein super dag:)

mandag 22. februar 2010

Ny i bloggverdenen....


Ja hei til deg som er innom bloggen min. Den er rykande fersk og kanskje lurer på du kva min blogg skal handle om. Det lurer eg egentlig litt på sjølv også...


Ingenting er bestemt men eg trur eg kjem til å trakke stien etterkvart som eg går han. Utgangspunktet mitt var at eg likar godt å strikke og så kaldt som det har vore her i vinter har det blitt såpass mykje strikking at eg har fått eit lite lager....:) MEN dette skal ikkje vere ein typisk salgsblogg der eg skal prakke på deg ting og tang men det vil vere ein del av den. Kanskje får du lyst til å kjøpe noko eller kanskje eg rett og slett gir deg inspirasjon.


Eg har også lyst til å kome i kontakt med andre bloggarar som er interessert i interiør, handarbeid, ting og tang, eller rett og slett deler litt tankar i ein kvardag som er spekka full av ting ein burde gjer ....


Eg gledar meg til å bli ein bloggar og ser fram til mange nye bekjentskap.


Ha ein herlig dag sjølv om det er steinkaldt:)


søndag 21. februar 2010

Strikkedilla.....




Det har vært og er fortsatt en kald vinter. Har derfor laget litt min egen versjon av pulsvarmarar og krage. Disse er strikka av Alpakka Garn og er veldig varme, mjuke og gode.


Strikker på bestilling. Prisen blir vi enige om alt etter valg av tråd.

Blir visst litt hulter til bulter her med tekst å bilde... men jeg får det ikke helt til enda:):)




Dette er same settet som det i lilla ovanfor men strikka med mykje tjukkare pinnar.