Par i Hjerter..

Par i Hjerter..

mandag 22. februar 2010

Ny i bloggverdenen....


Ja hei til deg som er innom bloggen min. Den er rykande fersk og kanskje lurer på du kva min blogg skal handle om. Det lurer eg egentlig litt på sjølv også...


Ingenting er bestemt men eg trur eg kjem til å trakke stien etterkvart som eg går han. Utgangspunktet mitt var at eg likar godt å strikke og så kaldt som det har vore her i vinter har det blitt såpass mykje strikking at eg har fått eit lite lager....:) MEN dette skal ikkje vere ein typisk salgsblogg der eg skal prakke på deg ting og tang men det vil vere ein del av den. Kanskje får du lyst til å kjøpe noko eller kanskje eg rett og slett gir deg inspirasjon.


Eg har også lyst til å kome i kontakt med andre bloggarar som er interessert i interiør, handarbeid, ting og tang, eller rett og slett deler litt tankar i ein kvardag som er spekka full av ting ein burde gjer ....


Eg gledar meg til å bli ein bloggar og ser fram til mange nye bekjentskap.


Ha ein herlig dag sjølv om det er steinkaldt:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar